Boller

Boller

DSC_0043

(matspalte publisert i Strilen)
Nokon gonger må skillingsboller, brunsvidde og sjokoladeboller få seg ein pause, og då klinker eg til med store saftige hveteboller. Hveteboller blir ein slags «underdog«, men den leverar kvar einaste gong. Dessutan er nysteikte hveteboller med smør, brunost og ein liten dæsj bringebærsyltetøy noko av det beste som finst!

Desse bollane er heilt supre å ha på lur i frysen, både til uventa besøk eller til ein langsom helgefrokost. Har du melkeallergi kan du fint bytta ut mjølk med soyamelk, havremelk eller rismelk og erstatta smøret med margarin utan mjølk.

Når eg lagar desse bollane er målet alltid å bruka minst mulig mjøl. Visst du brukar for mykje mjøl, blir bollane tørre. Start alltid med litt og litt mjøl og juster etter kvart. Deigen skal vera smidig, glatt og gjerne bittelitt klissete. Då får du nydelige saftige boller!

DSC_0038

Ca 15 store boller
  • 200 gram smør
  • 7 dl melk
  • 50 gram gjær
  • 3 dl sukker
  • Ca 1,2 kg mjøl
  • 1 egg til pensling
  1. Smelt smøret i ein kjele og varm melka i det smelta smøret.
  2. Smuldre gjøren og rør den ut i den varme melka. Bruk visp.
  3. Tilset sukker, og visp det godt inn.
  4. Tilset mjøl og elt til du har ein smidig deig.
  5. Hev deigen under plast i ca 45 min, til den er dobbel så stor.
  6. Del deigen i ca 15 deler, og trill til runde boller.
  7. Set bollane på ei steikeplate dekka med bakepapir og set til heving i ca 30 min.
  8. Pensle bollane med sammenvispa egg og steik dei midt i omnen ved 200-220 grader i 10-15 min.
  9. Avkjøl bollane på rist.

DSC_0044

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*