Dette er knapt ei oppskrift, men kva gjer vel det når det smakar så godt! Bruschetta kan du laga på mange forskjellige måtar, her får du min variant.
Bruschetta med Mozzarella, Ricotta og Pesto
1 baguett
1 fedd kvitlauk
Mozzarella
Ricotta
Cherrytomater
Raud pesto
Basilikum
Olivenolje
salt og pepper
- Skjær opp baguetten i skiver.
- Gni kvar skive med kvitlauk.
- Bland saman ricotta ilag med salt og pepper, smak deg fram. Fordel ricottaen oppå baguetten, legg så eit lag med raud pesto.
- Dander mozzarella, cherrytomat og basilikum på toppen.
- Spray med god olivenolje, og ha på masse pepper.
- Server!