Emelies Gulasj

Emelies Gulasj

 

Gulasj
(matspalte Strilen 13.01.17)

Visst du søker etter gulasj oppskrifter på nettet finst det eit hav av forskjellige framgangsmåter, og eg er sikker på at samtlige er gode. Men eg syns sjølvsagt at min måte er best. Eg koker alltid gulasj i omnen, då syns eg at gryta blir aldeles nydelig.

Dette er ein perfekt rett å laga ein søndag. Eg tilbereder gryta på formiddagen, og lar den stå på lav varme i omnen i timesvis, gjerne 2-3 timar. Då kan ein kosa seg med andre ting mens middagen i praksisk lagar seg sjølv.
Eg brukar ei støpejernsgryte frå Le Creuset med lokk, den passar perfekt til sånne oppskrifter. Når eg kuttar opp lauk og grønnsaker så kuttar eg dei opp i grove rustikke bitar. Gryta skal koka i omnen i ganske mange timar, så då slepp ein unna med litt «lat« kutting.
Når gryta er ferdig pleier eg å servera den ilag med ein dæsj seterrøme og gjerne litt flatbrød. Nydelig tilbehør til ein nydelig middag.

4 pers
• 600-800 g oksekjøtt fra høyrygg, hakka i bitar
• 1 gul løk, hakka
• 1 raudlauk, hakka
• 2 hvitløkfedd, hakka
• 2 ss paprikapulver
• 1 ts chilipulver
• 2 bokser tomater
• 1 liter kjøttkraft
• 3 gulerøtter, hakka
• 2 røde paprika, hakka i små bitar
• 4 mellomstore poteter, skrelt og hakka i bitar
• salt og kvernet pepper
• 1 god klype sukker
• olje og/eller smør

1.Finn fram ei jerngryte som kan stå i ovn og som har lokk.
2. Brun kjøtet raskt i smør og set til sides.
3. Steik lauk, gulrot og paprika i smør. Når lauken byrjar å bli mjuk heller du oppi kjøtkraft , kvitlauk og tomatar på boks.
4. Tilset paprikapulver, chilipulver og kjøtet. Kok opp.
5. Set så gryta inn i omnen på ca 150-180 grader med lokket på. Gryta skal så vidt småkoka.
6. La gryta stå i minst 60 min. Eg pleiar å la gryta stå i 2-3 timar.
7. Tilset så poteter og kok gryta vidare til potetene er møre.

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*