Pavlova med Sjokoladekrem

Pavlova med Sjokoladekrem

Pavlova

Etter litt prøving og feiling oppstod denne oppskrifta,  marengs med hasselnøtter og sjokoladekrem. Oppskrifta eg brukar på marengs er den eg alltid brukar. Det blir ein stor porsjon, men det er nesten halve meininga. Eventuelle restar ein sitt igjen med blandar ein berre med bittelitt bakekako, rører det så forsiktig inn som du klarar (her er det stor fare for at marengsen skil seg, obs obs) og så lagar ein små klattar med sjokolademarengs, ca 2-3 ss per topp som ein steiker i omnen på 130 grader i ca 30 min. Perfekt kaffesnadder å ha på lur i jula.

Ynskjer alle ei riktig god jul!

Marengs:

7 Eggekviter
• Ei klype salt
• 4 dl sukker
• 1 ts maismel
• 1 ts vaniljesukker
• 2 ts kvitvinseddik
1. Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.
2. Visp inn sukker litt etter litt.
3. Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs, ca 10 min.
4. Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik
5. Tegn opp 4 sirklar på ca 18 cm i diameter.
6. Fordel marengsen utover sirkelen, og lag eit lite “rede” på toppen.
7. For å få ein fin form på marengsen, pleier eg å ta slikkepotten og dra nedenifrå og opp.
8. Forvarm ovnen til 250 grader. Skru ovnen ned til 100 grader, og plasser marengsen på nederste rille i ovnen.
9. Steik i 60min.
Sjokoladekrem
200 gram mørk sjokolade
6 dl fløte
1. Finhakk sjokoladen og varm den opp saman med 4 dl fløte. Fløten skal ikkje koka, det er berre sjokoladen som skal smelta, så ha lav varme.
2. Visp så inn 2 dl kald fløte, og la blandinga stå i kjøleskapet i minst 4 timar.
3. Visp så blandinga til ein tjukk krem. Pass på så du ikkje vispar den for mykje.

Pynt:
Hasselnøtter
Rips/bringebær
Mynte
Legg marengsbunner og sjokoladekrem lagvis, og strø over hakka hasselnøtter imellom laga. Avslutt med ein marengsbunn. Pynt med friske bær og meir hakka hasselnøtt på toppen, og gjerne litt mynte.

Server straks.

Pavlova

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*