Langtidskokt Bolognese med Høgrygg

Langtidskokt Bolognese med Høgrygg

bolognese

Denne oppskrifta er ein av mine favorittar, og eg lagar alltid litt ekstra når eg først lagar. Dette er absolutt gull å ha på lur i frysen. Seinast no på mandag trylla eg fram litt deilig bolognese frå frysen, til glede for både små og store.

Eg pleiar å bruka høgrygg. Dette er billig kjøtt som treng ganske lang koketid, men som blir fantastisk godt når det får koka i eit par timar. Og når det i tillegg får lov til å koka ilag med lauk, kvitlauk og ikkje minst raudvin – så smakar det til slutt heilt fantastisk. Det er veldig viktig at du ikkje sløyfer raudvinen, den gjer heile gryta. Eg lovar.

Du kan også ha i bacon og sopp om du likar det, det passar ypperlig. Eg pleiar å servera spaghetti til denne gryta, ilag med friske urter som anten basilikum eller rosmarin. Og for all del – ikkje gløym masse ferskrevet parmesan!

 

 

6 pers

 

  • 3 gule lauk, finhakka
  • 4 fedd kvitlauk, finhakka
  • Olje og smør
  • 1 raud chili, finhakka
  • 2 store gulerøtter, skjært i terningar
  • 800 gram høgrygg, skjært i terningar
  • 4-5 ss oksefond
  • 3 dl raudvin
  • 6 bokser bokser tomat på boks
  • Spaghetti, Parmesan og Basilikum

 

  1. Varm opp 2 ss olje i ei jerngryte. Brun kjøtet i raske omgonger.
  2. Ha alt kjøtet tilbake i gryta, og steik vidare ilag med lauk, kvitlauk og chili. Steik ilag i ca 2 min. Ha gjerne i litt ekstra meierismør.
  3. Ha deretter i fond, gulerøtter, raudvin og tomat på boks.
  4. Kok opp og la blandinga koka i ca 30 min under lokk. Rør om av og til.
  5. Varm opp steikeomnen til 180 grader. Set jerngryta(med lokk) midt i omnen. Kjøtet skal småputre. La gryta stå i omnen i minst ein time, gjerne 1 ½ . Smak til med salt og pepper.
  6. Server attåt nykokt pasta, ferske urter og masse parmesan.

bolognese-3

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*