Soppsuppe

Soppsuppe

img_4555

ca 4 pers
Smør til steiking
1 lauk, hakka
2 kvitlaukfedd, hakka
1 liter kyllingbuljong
800 gram sopp, hakka
1 dl kvitvin
3 dl kremfløyte
salt og peppar
hakka persille til pynt

1. Smelt smør i ei stor panne. Start med å surra lauk og kvitlauk til den er mjuk. Start alltid først med vanlig lauk, kvitlauk svir seg fort. Ta så lauken ut av panna og set til sides.
2. Steik så soppen i smør. Sopp sug til seg masse smør så her må ein vera sjenerøs med mengden. Når du har surra soppen i eit par min tilset du lauken. Bland alt godt saman og tilset så buljongen. La det koka i minst 15 min, eg pleiar å la det koka i ca 30 min
3. Kjør så suppa saman med hjelp av ein stavmiksar eller ein blender.
4. Ha suppa tilbake i kjelen og tilset vin og fløyte. Smak til suppa med salt og peppar. Varm opp suppa men ikkje kok.
5. Server suppa med frisk persille og gjerne litt steikt sopp.

img_4556

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*