Gresk Gryte med Fetaost

Gresk Gryte med Fetaost

gresk-gryte

Ei ny oppskrift som blir laga igjen og igjen, er denne deilige greske kyllinggryta. Oppskrifta kjem frå ei av mine favoritt kokebøker, nemlig Lotta Lundgren si kokebok «Om jag var din hemmafru«. Lotta Lundgren sa opp jobben sin i eit reklamebyrå i Stockholm for å jobba med mat på heiltid. Resultatet har blitt ei frisk, ganske annleis kokebok med nydelige bilder.

Oppskrifta til Lotta har eg gjort litt om på, i den originale oppskrifta skal den kun koka på komfyren. Men eg syns gryter som har fått stått litt i omnen smakar så mykje betre, så min versjon må ha seg ein time i omnen. Kyllingen bør helst vera økologisk, då smakar gryta så mykje bedre. På alle mulige måter igrunn.

 

4 pers

1 økologisk kylling
4 kvitlauksfedd, finhakka
2 bokser hakka tomat
2 1/2 dl kvitvin
1 ts balsamico
250 gram fetaost
1 dl svarte oliven

1. Del opp kyllingen i 4-6 deler, og dra vekk skinnet.
2. Brun kyllingbitane i ei gryte. Ta opp kyllingen og set til sides.
3. Steik så den hakka kvitlauken i samme gryte ilag med litt olivenolje. Pass på, kvitlauk svir seg fort.
4. Tilsett den hakka tomaten ilag med vinen, og rør godt saman.
5. Ha kyllingen tilbake i gryta og la alt saman koka under lokk i ca 30 min.
6. Når gryta har kokt i 30min, har eg den inn i omnen i cirka ein time på 150 grader.
7. Når gryta har gjort seg ferdig i omnen heller du oppi oliven og store bitar med fetaost. Smak til med salt og pepper.
8. Server attåt couscous, bulgur eller poteter.
9. Vel bekomme!

gresk-gryte-2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*