Osteknuter

Osteknuter

osteknuter

Desse osteknutane er det Lise Finckenhagen som står bak, og dei er perfekte! Passar til både forskjellige supper, til tapasbordet, til spekefjøla eller til reker. Dei dufter av herlig persille og kvitlauk og smakar fantastiske når dei er heilt ferske. Dei er veldig gode slik som originaloppskrifta er, men kanskje ikkje den mest prakiske visst ein har småfolk i hus. Så om du vil ha mindre grisete boller gjer du slik som me gjorde det – istadenfor å pensle osteknutane med persillesmør så berre eltar du inn både ost, smør og kvitlauk direkte inn i deigen. På den måten blir det mindre gris, og du går ikkje glipp av nokre deilige smakar.

 

ca 12 boller

 

  • 3,5dl melk
  • 0,5 dl olje
  • 50 gram gjær
  • 1ts salt
  • 1 ts sukker
  • 650 gram kveitemjøl
  • 150 gram revet ost
  • 1 stk sammenpiska egg
  • 50 gram smør, smelta
  • 4 ss hakka persille
  • 1 fedd kvitlauk, finhakka
  • flaksalt

 

 

 

 

  1. Varm melka til «fingervarmt», ca. 37 grader. Smuldre gjæren i en bakebolle, tilset melka og rør til gjæren har løyst seg opp. Bland i salt, sukker, mjøl og olivenolje.
  2. Elt deigen godt saman. Dekk bollen med plast og la deigen heva til dobbel størrelse.
  3. Del deigen i to emner og kjevl hvert emne ut til en rund leiv. Del hver leiv i seks «snippar». Legg en liten håndfull revet ost på bredsiden av hver snipp og rull dem sammen mot spissen. Rull dei godt saman og lag ein enkel knute.

    La knutane etterheve i ca. 20 minutter før dei penslast med egg og steikast midt i omnen ved 210 grader i ca. 15 minutter.

  4. Smelt smøret til persillesmøret i ein liten kasserolle og bland det saman med hakka persille og kvitlauk. Pensle dei nybakte osteknutane med persillesmøret og dryss over litt flaksalt.

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*