Sjokoladedraum

Sjokoladedraum

img_3685

til ca 8 pers

  • 100 gram smelta smør, og ekstra til smøring
  • 250 gram mjøl
  • 3 ts bakepulver
  • 140 gram sukker
  • 50 gram kakaopulver
  • 1 appelsin, saft og skall
  • 3 egg
  • 1,5 dl lettmelk
  • 100 gram sjokolade med appelsinsmak, i bitar
  • ei klype salt

 

Saus

  • 200 gram brunt sukker
  • 25 gram kakaopulver
  • 3 dl kokande vatn

 

  1. Varm omnen til 180 grader og smør ein rektangulær bakeform. Den bør romma 2 liter.
  2. Bland mjøl, bakepulver, sukker, kakaopulver, revet appelsinskall og ei klype salt i ein stor bakebolle.
  3. Visp saman appelsinjuice, egg, smelta smør og melk.
  4. Bland det tørre med det våte og rør til du har ei jevn røre. Bland inn sjokoladebitar og hell røra over i forma.
  5. Lag sausen: bland saman 3 dl kokande vatn med sukker og kakaopulver, og hell blandinga over røra i formen.
  6. Steik på miderste rille i 30 min til overflata er fast og sprø. Ta forma ut av omnen og avkjøl i nokre min før du serverar. Når du fordeler puddingen over i porsjonsskåler, vil sausen ha lagt seg rett under den svampeaktige overflata.
  7. Server puddingen varm attåt vaniljeis, ein sikker vinnar.

img_3686

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*