Kaldheva Speltrundstykker

Kaldheva Speltrundstykker

speltboller

Når helga kjem likar me å kosa oss ekstra med frukosten. Me er veldig glad i å laga «no knead bread«, altså eltefritt brød ein lagar kvelden i forveien. Kort fortalt så rører du saman ingrediensane og lar det heva i romtemperatur natta gjennom. Når du står opp om morgonen bretter du saman deigen og  heller den til slutt i ei eldfast gryte med lokk som du har varma opp på forhand. Så er det inn i omnen i 45 min, og du sitt igjen med skikkelig deilig bakeribrød som smakar nydelig. Ganske enkelt, men det tar jo litt tid .

Så gjett om eg blei glad når eg snubla over denne oppskrifta. Enklare oppskrift trur eg ikkje eg har sett, og resultatet blei nydelige velduftande rundstykker som smakte perfekt ein laurdags morgon. Varme rundstykker med brunost er ein perfekt start på helga, anbefalast!

  • 25 gram gjær
  • 2 dl kald melk
  • 1 dl kesam
  • 2 ss rapsolje
  • 1 ts salt
  • 5 dl speltmjøl
  • ½ dl gresskarkjerner
  • 3 ss sesamfrø

 

  1. Rør ut gjøren i melka. Tilset kesam, olje, salt og mjøl.
  2. Kna inn gresskarkjerner og sesamfrø mot slutten.
  3. Del deigen i 8 bitar og form til runde boller.
  4. Legg bollane på eit steikebrett med bakepapir.
  5. La bollane heva under eit kjøkkenhåndkle i kjøleskapet i ca 10 timer.
  6. Forvarm omnen til 225 grader. Ta ut brettet og la bollane stå i rompemperatur mens omnen varmes opp.
  7. Pensle bollane med vatn, og strø over solsikkekjerner og sesamfrø.
  8. Steik midt i omnen i 15 min.

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*