Pizza med Kantarell

Pizza med Kantarell

img_3739

 

 

Når du skal laga denne pizzaen kan du sjølvsagt laga den med vanlig salami. Men kjøper du ein litt ekstra god salami, blir sjølvsagt pizzaen litt ekstra god. Eg valgte ein Salami Napoli frå Campania sør i Italia. Salamien er grovt kverna og inneheldt både svarte og kvite pepperkorn som gjer ein fantastisk god smak.

Eit anna element som er med på å gjera denne pizzaen så nydelig god og aromatisk er nettopp trøffel. Trøffel smakte eg for første gong i ein liten sjarmerande restaurant bortgøymt i nokre trange gater i Roma, og eg var frelst frå første stund. Det er ikkje rart at nokon kallar trøffel for kjøkkenets diamant. Trøffel er ein underjordisk sopp, og den har ein svært kraftig smak. Min favoritt er den kvite trøffelen, den smakar heilt nydelig. Er du nybegynner på trøffel anbefalar eg å byrja forsiktig.

 

 

ca 4 porsjoner

 

2 1/2 dl vatn

15 gram fersk gjær

1/2 ss salt

1/2 ts sukker

1ss olivenolje

6-7 dl kveitemjøl

600 gram kantarell

2 ss smør

2 kvitlauksfedd

1/2 ts flaksalt

1 dl creme fraiche

1 ts trøffelolje

80 gram salami

2 dl revet parmesan

Graslauk

 

  1. Varm opp vatnet til 37 grader og rør gjæren ut i vatnet.
  2. Tilset salt, sukker og olivenolje. Tilset mjølet og elt alt saman til ein smidig deig. Form deigen til 4 emner og la det heva under eit kjøkkenhåndkle i 30 min.
  3. Sett omnen på 250 grader.
  4. Rens kantareller og steik dei i smør til all væske er fordampa. Skrell og finhakk kvitlauken. Steik kvitlauken saman med kantarellen i ca 2 min. Dryss flaksaltover.
  5. Kjevl ut deigemnene til avlange sirkler. Ha dei så over på eit steikebrett kledd med bakepapir.
  6. Smør eit tynt lag med creme fraiche på botnen. Fordel kantarell, salami og ost oppå.
  7. Steik pizzaen midt i omnen i 5-7 min.
  8. Ha så eit par dråper trøffelolje over dei nysteikte pizzaene ilag med litt graslauk.
  9. Vel bekomme!

img_3740

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*