Emelies Tomatsuppe med Parmesanflak

Emelies Tomatsuppe med Parmesanflak

tomatsuppe

(Matspalte i Strilen 4 November)

Dette er utan tvil den oppskrifta som blir laga mest heime hjå oss. Oppskrifta er nesten så enkel at det er nesten litt pinlig. Men kva gjer vel det når resultatet blir så bra.

Eg har alltid vore veldig glad i tomatsuppe, og har prøvd mange forskjellige oppskrifter. Eg har prøvd alt ifrå å langtidssteika tomater i omnen, til å laga tomatsuppe med vodka(!) – alt med mindre hell.

Eg bruker ein stor mengde tomater på boks,  og lite vatn i motsetning til vanlege oppskrifter, men det er då eg syns suppa blir best. Det er viktig at du brukar tomater på boks som er gode – Eldorado sine bokser er faktisk å anbefala. Det er og viktig at du brukar kremfløte, og ikkje vanleg matfløte. Tomatar på boks er litt sure, så du treng ein viss sødme for å balansera smaken.  Så – ikkje skipp kremfløten.

Parmesanflak er kjempelett å laga. Kort fortalt så riv du opp parmesan og lagar små klumper som du har på eit bakepapir . Steik i omnen på 100 grader til all osten er smelta. Ta til side og avkjøl, og server ilag med suppa. Den salte parmesanosten passar perfekt til den runde tomatsuppa. Me pleiar å variera om me har pasta , brød eller egg attåt, men parmesanen må alltid vera med.

Denne suppa er akkurat som ein varm klem, håpar du likar den!

 

4pers

3-4 bokser tomater

2 fedd kvitlauk

3 dl vatn

2 terninger kyllingbuljong

3 dl kremfløte

Parmesan

Salt&pepper

  1. Hell tomater på boks oppi ei høg skål og tilset 2 kvitlauksfedd. Mos blandinga godt med ein stavmiksar.
  2. Ha tomatblandinga oppi ein kjele. Hell oppi vatn og buljong. La det koka i ca 10- 15 min.
  3. Hell så oppi kremfløten, og kok opp.
  4. Server suppa ilag med parmesanflak og nysteikte baguetter. Salte og pepre etter behov.

tomatsuppe-2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*