Tostadas med biff, Salsa og guacamole

Tostadas med biff, Salsa og guacamole

tostadas

Tostadas er ein fritert tortilla som ein fyller med ymse kjøtt, salat, bønner osv. Me åt deilig tostadas når me var i London denne våren, og sjølvsagt måtte me laga vår egen variant når me kom heim. Dette er nydelig helgekos!

Fritert tortilla syns eg blir litt heftig, så me berre bakte dei i omnen. Set omnen på 200 grader i omnen i nokre minutter til dei er gyldne i kantane og passe sprø.

Når du lagar salsa må du ikkje vera gniten på tomatane. Kjøp dei store dyre plomme tomatane, du vil ikkje angra.

Tacokrydder:

1 ss spisskummen

½ ts chilipulver

1 ts kvitlaukspulver

1 ss paprikapulver

Salt

Pepper

 

Salsa:

3 store tomater, finhakka

I fedd kvitlauk, finhakka

½ raudlauk, finhakka

Ein neve koriander, finhakka

Saft av ½ lime

Salt og pepper

 

Guacamole:

2 modne avocadoer

1/2 beger rømme

1 fedd kvitlauk, finhakka

saft av 1/2 lime

1/2 liten raudlauk, finhakka

Salt og pepper

 

Biffkjøtt, skjært i strimlar

Ost, revet

Paprika (gul, raud, grøn)

Nachoschips

Jalapenos

Lime

Koriander

Mais tortilla

 

Slik gjer du:

Guacamole: 

Mos saman avocado ilag med rømme, kvitlauk, limesaft, hakka kvitlauk og hakka raudlauk. Smak til med salt og pepper.

Salsa:

Finhakk tomater, raudlauk, kvitlauk og koriander og bland alt saman. Bland i limejuicen og smak til med salt og pepper.

Biffkjøt med tacokrydder:

Steik biffkjøttet i ei djup panne. Hell over tacokrydderet når kjøtet er halvveis steikt. Hell over litt vatn og la og la væska koka inn.

 

Fyll tortillaen med biffkjøt, salsa, guacamole, grønnsaker og ost. Eg likar å ha ein dæsj limesaft på til slutt. Så himla godt.

Server ilag med iskald Corona og Nachochips. Min favoritt for øyeblikket er nachochipsen frå Old El Paso med chili(gul pose). Den er alt for god….

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*