Pizza med kjøttdeig og chorizo

Pizza med kjøttdeig og chorizo

pizza-med-chorizo-1

Sjølv om det går mest i italiensk pizza her i heimen, altså pizza med skikkelig tynn bunn, så må eg av og til ha ein pizza med masse deig! Denne pizzaen er veldig enkel, det er faktisk berre kjøttdeig, chorizo og ost som er toppingen, men eg syns den blir best sånn.

Sjølv om chorizo er ei spansk pølse så funker dette heilt fett. Kjøp ein ordentlig chorizo snabb og skjær opp i skikkelig tjukke rustikke bitar.

Denne pizzaen er rask å laga, men smakar nydelig. Spesielt dagen derpå…

4 dl lunka vatn

1 pakke tørrgjær

ca 7 dl kveitemjøl

1/2 ts salt

2 ss olje

1 tomat på boks

1 fedd kvitlauk

2 ss tomatpure

Kjøttdeig

Chorizo

  1. Ha tørrgjær og salt i ein bolle. Tilsett lunka vatn og visp inn mjøl til ei tjukk suppe. Ha i olje. Etterkvart som deigen blir fastare bruker eg henda og elter deigen skikkelig saman. Set deigen til heving i ca 40 min.
  2. Ha tomat på boks, kvitlauk og tomatpure i ein bolle. Bruk ein stavmiksar og mos det godt saman.Smak til med salt.
  3. Når deigen er ferdig heva kjevler du den ut og har den i ei lita langpanne.
  4. Dekk deigen med pizzasaus.
  5. Ha på ost, så kjøttdeig og til slutt chorizo.
  6. Steik i omnen på 225 grader i 20-25 min.

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*