Foccacia med Taleggio

Foccacia med Taleggio

Foccacia med Ost

Taleggio er ein halvmjuk ost frå Italia som er laga av kumelk. Eg elskar denne osten og sniker den inn der eg klarer. Og Taleggio i foccacia var slett ingen dum ide, prøv!

8 dl kveitemjøl

1 pk tørrgjær

1 ts salt

6 dl lunka vatn

200 gram taleggio i bitar

Raudlauk i ringar

Gul lauk i ringar

Olivenolje

Basilikum

Maldonsalt

  1. Ha tørrgjær og salt i ein bolle. Tilset vatn og visp alt godt saman med ein visp. Tilset litt og litt kveitemjøl medan du vispar. Når blandinga byrjar å bli tjukk, brukar eg ei tresleiv og blandar resten av mjølet godt inn i deigen.
  2. La deigen heva i ca 40 min.
  3. Når deigen er ferdig heva helller du deigen oppi ei ildfast form.
  4. Drypp over olivenolje og strø over maldonsalt. Bruk fingrane og trykk salt og olje ned i deigen.
  5. Legg så oppå løkringer, og stikk bitar med tallegio ost ned i deigen. Legg til slutt nokre blader med basilikum på toppen, og sprinkle lett med litt meir olivenolje oppå deigen.
  6. Steik i omnen på 220 i 20-25 min.

Foccacia med ost 2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*