Thaibuljong med lakseboller

Thaibuljong med lakseboller

Thaibuljong 2

Dette er supergodt! Det er litt grisete å laga laksebollane, men definitivt verdt det. Oppskrifta fann eg i Tara Smak og er blitt ein favoritt her i heimen. Eg steiker laksebollane litt før eg har dei oppi suppa, men det velger du sjølv.

4 pers

  • 500 gram laksefilet utan skinn og bein
  • 4 stilker sitrongras
  • 4 stk sjalottlauk
  • 2 raude chili
  • 1/2 dl kokosmelk
  • 1 ts salt
  • 1 bit frisk ingefær
  • 1 ss rapsolje
  • 1 liter vatn
  • 2 terningar hønsebuljong
  • 6 tørka limeblader
  • 1 ss soyasaus
  • 1/ ss fiskesaus
  • 200 gram eggnudler
  • 1/2 potte koriander
  1. Skjær laksen i store bitar. Fjern dei ytre blada på sitrongraset og kast det. Finhakk 2 sitrongrasstenger og 2 sjalottlauk. Finhakk ein chili.
  2. Ha laks, sitrongras, løk, chili, kokosmelk og salt i ein bolle. Miks det raskt saman. Form farsen til små boller.
  3. Hakk sjalottlauk og chili. Skrell og riv ingefæren. Del 2 stilker sitrongras på langs og bank dei hardt med eit knivskaft.
  4. Steik lauk, chili, ingefær og sitrongras i olje i ei stor gryte. Ha i vatn, buljongterninger og limeblad. La alt småkoka i ca 10 min. Krydre med soya og fiskesaus. Ha i laksebollane og la dei koka med i 3-4 min.
  5. Kok nudler og ha dei oppi suppa. Pynt med koriander og server.

 

Thaibuljong Thaibuljong 2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*