Enkel Sitronfromasj med Yoghurt

Enkel Sitronfromasj med Yoghurt

Sitron 2

Denne oppskrifta fann eg i bladet Mat&Vin for nokre år sidan, og er ei veldig grei oppskrift å ha på lur. Ei enkel og kjapp oppskrift, og så smaker det kjempegodt!

  • 1 pakke sitrongele
  • 1,5 dl kokande vatn
  • saft og revet skall av 1 økologisk sitron
  • 3 dl yoghurt naturell
  • 2 dl kremfløte
  1. Løys opp geleen i kokande vatn, og bland i sitronsaft og revet sitronskall. Spar litt sitronskall til pynt.
  2. Avkjøl blandinga og ha i yoghurt.
  3. Pisk fløten til krem og vend den forsiktig inn i yoghurtblandinga.
  4. Ha fromasjen i serveringsformer, strø over revet sitronskall og set kjølig til fromasjen har stivna, ca 2 timer.

Sitron

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*