Emelies Tex- mex gryte med Biff og Salsa

Emelies Tex- mex gryte med Biff og Salsa

Tex Mex 2

Denne retten lagar eg utan oppskrift, men no har eg endelig fått den ned på papiret. Det er ein veldig enkel rett, men det er eit par ting som er viktig. Det første er at tomatane du lagar salsa av må vera perfekt. Knallraude, modne plommetomater pleier å gjera susen. Det andre er at avokadoen og sjølvsagt må vera akkurat passe moden. Når det gjeldt kjøtet så velger eg alltid mørbrad, det blir alltid ein suksess.

 

500 gram kjøtt, i strimler

1 stor pose tortillachips

1 boks bønner

Revet ost

1/2 raudlauk

Rømme

Koriander

Lime

 

Tacokrydder:

1 ss spisskummen

½ ts chilipulver

1 ts kvitlaukspulver

1 ss paprikapulver

Salt

pepper

 

Salsa:

3 store tomater, finhakka

I fedd kvitlauk, finhakka

½ raudlauk, finhakka

Ein neve koriander, finhakka

Saft av ½ lime

Salt og pepper

 

 Slik gjer du:

  1. Start med å steika kjøtet i ei gryte. Når kjøtet byrjar å bi ferdigsteikt har du i alt krydderet og ein liten dæsj med vatn. La væska koka inn. Ta kjøtet ut av gryta, og tørk gryta lett før du har i olje. Fordel eit tynt lag med olje i heile botnen av gryta.
  2. Ha først eit lag med tortillachips, så litt ost, før du har eit nytt lag med tortillachips.
  3. Når all chipsen er i gryta legg du oppå kjøtt, brune bønner og raudlauk. Dryss over revet ost.
  4. Ha gryta i omnen på 225 grader i ca 10-15 min.

Salsa:

Finhakk tomater, raudlauk, kvitlauk og koriander og bland alt saman. Bland i limejuicen og smak til med salt og pepper.

 

Server gryta saman med salsa, avocado, lime,  rømme og koriander.

Tex Mex

Tex Mex 3

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*