Marengs

Marengs

Sjokolademarengs1

Sjokolademarengs!

Marengs er den perfekte sommer dessert. Lett, luftig, seig og veldig søt. Pavlova er ein av mine favoritt kaker om sommaren, deilig marengsbunn med vaniljekrem og masse friske bær. Og no har eg oppdaga sjokolademarengs, det må sjølvsagt delast vidare.

Men sjølv om eg påstår at å laga marengs er lett, er det alikevel mykje som kan gå galt. Og eg har opplevd det meste. Knallhard marengs, marengs som dett saman og ikkje minst min favoritt; marengs som havner på golvet i tusen knas.Så nokon forhåndsreglar må ein ta.
Unngå å få fett i eggekvitane, eggekvitane skal vera heilt uten eggeplommer.Det er og veldig viktig at alt utstyret du brukar er reint, og bruk helst ein metallbolle som du piskar i. Tilset sukkeret gradvis, litt etter litt med store bevegelsar.

Når du skal blanda den smelta sjokoladen inn i marengsen må du vera veldig forsiktig. Den første gongen eg gjorde det ødelagte eg heile marengsen min. Den gjekk frå ei nydelig silkemjuk blanding, til ei stygg brun suppe på eit øyeblikk.Tilsett litt og litt sjokolade og vend det såvidt inn i marengsen. Du skal ikkje ha brune marengstopper, men kvite, krakelert med nydelig sjokolade. Du kan velga kva sjokolade du vil ha, men sidan marengs er så søtt anbefalar eg ein mørk litt bitter sjokolade. Forrige gong brukte eg dronningsjokolade, og det blei kjempegodt. Når marengsen er ferdig i omnen, venter du til toppane er blitt avkjølte, anten i omnen eller på ei rist. Når toppna er avkjølte har du over smelta sjokolade.
Nytast samen ein sommarkveld ilag med masse venner og masse sprudlevatn. Anbefalast.

 

7 Eggekviter
Ei klype salt
4 dl sukker
1 ts maismel
1 ts vaniljesukker
2 ts kvitvinseddik
Sjokolade

1.Visp eggekvitene stive med litt salt. Så stive at du kan setja bollen på hovudet.(Visp inn sukker litt etter litt.
2. Pisk til du får ein tjukk og smidig marengs.
3.Bland forsiktig i maismel, vaniljesukker og eddik.
4.Smelt sjokoladen og vend det forsiktig inn i marengsen. Eg brukte ca 4 ss sjokolade før eg ikkje turte meir. Litt om gongen, veldig forsiktig.
5.Lag små toppar på eit steikebrett med bakepapir.
6.Steik på 130 grader i omnen i 60 min. La så marengsen stå i omnen i ein time. (Eg lar marengsen stå i omnen til den blei kald)
7.Pynt med smelta sjokolade.

Sjokolademarengs2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*