Gratinerte kjøttboller med Ricotta og Mozzarella

Gratinerte kjøttboller med Ricotta og Mozzarella

IMG_4880

Italiensk mat ligg mitt hjarte nært, og etter ein fantastisk ferie i Toscana ifjor sommer har ikkje akkurat kjærleiksforholdet mitt blitt noko svakare. I ei heile veke kjørte me gjennom Livorno, Siena, Firenze og Lucca mens me såg, lukta og smakte på vidunderlig italiensk mat.

I den lille byen Lucca fant me ein utrulig koselig liten restaurant ved navn Ristorante all`Olivo som me forelska oss i. Restauranten var akkurat som ei lita koselig italiensk stove, og som serverte fantastisk god mat. At dei behandla den krakilske ettåringen min som ei dronning gjorde ikkje akkurat opplevelsen mindre fantastisk. Og det var her eg første gongen såg gratinerte kjøtboller – kvifor hadde eg ikkje tenkt på det sjølv? Så då var det sjølvsagt å setja i gong med ein gong eg kom heim, med min egen vri såklart.

Oppskrifta vil eg tørre å påstå er enkel. Med gode råvarer treng ein ikkje gjera det så vanskelig. Mozzarellaosten må vera fersk, og ricottaosten og parmesanen må vera av god kvalitet. Visst du ikkje er vant med å bruka ricottaost er dette kort fortalt eit italiensk melkeprodukt som er laga av myse. Ricotta kan du bruka både i søte og salte retter. Ricotta pleier eg å bruka i ravioli og tortellini, det smakar fantastisk ilag med fersk pasta. Den kan vera vanskelig å få tak i, men Meny butikkane pleiar å ha den inne.

Du kan sjølvsagt gratinera kjøtbollane med revet parmesan på toppen, men eg likar parmesan best heilt fersk, revet oppå tilslutt.

Dette er perfekt når du får mange på middag, dette kan du nemlig laga ein dag i forveien om det skulle passa best.

 

IMG_4893

Ca 8 personer

1,2 kg kjøttdeig( 3 pakker kjøtdeig)
2 egg
1 gul lauk, finhakka
3-4 fedd kvitlauk, finhakka
Salt og pepper
150 gram Parmesan
800 gram fersk Mozzarella, kutta i store bitar
150 gram Ricotta
Ei potte Basilikum
3 bokser hakka tomat
1-2 ts sukker
Smør

1.Start med å laga tomatsausen slik at den kan koka mens du lagar kjøtboller. Hell 3 boksar tomat på boks i ei panne ilag med salt, pepper og litt sukker. Sukker brukar ein fordi tomat på boks kan ofte smaka litt surt. Smak deg fram til rett mengde. La sausen koka utan lokk på svak varme slik at den tjukner. La den koka i ca 20-30 min.
2. Ha så kjøttdeig, 2 egg, 50 gram revet parmesan, lauk, kvitlauk, salt og pepper i ein bolle og kna alt godt saman. Form blandinga til store kjøtboller. Eg får ca 15 store kjøtboller.
3. Steik kjøtbollane i ei steikepanne ilag med smør. Steik først på høg varme slik at du får ei fin steikeskorpepå begge sider. Senk så varmen og la kjøtbollane steika på medium varme i 5-10 min, til dei er gjennomsteikte.
4. Smør ei stor ildfast form med litt smør og hell oppi tomatsausen. Legg så kjøtbollane oppi blandinga og putt mozzarella innimellom kjøtbollane.
5. Bruk ei spiseskei og fordel så ricottaosten innimellom kjøtbollane og mozzarellaosten.
6. Legg nokre friske basilikumblader på toppen og steik kjøtbollane på 200 grader i ca 30 min.
7. Rett før servering drysser du resten av parmesanen oppå blandinga ilag med frisk basilikum.
8. Server saman med pasta, salat og godt brød.

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*