Brunsvidde

Brunsvidde

Brunsvidde 1

Desse bollane berre MÅ du laga. Oppskrifta har eg frå bakaren i Lom, Morten Schakenda.

Denne oppskrifta må følgast til punkt og prikke, ingen juksing. Det tar lang tid ja, men når du først smaker den deilige lune, mjuke, søte perfekte bollen som renn over av brunt sukker og smør…. då veit du at du kjem til å følga oppskrifta neste gong og. Som Morten seier: «Filosofien min har alltid vert at du ikke kan spare deg til suksess. Du må investere på forhånd».

 
1kg kveitemjøl
150 gram sukker
15 gram salt
1-2 ss kardemomme
1 pakke tørrgjær/50 gram gjær
1/2 liter H-mjølk
150 gram smør
1 stort egg

Sukker-og Smørblanding

125 gram smør
125 gram brunt sukker

Slik gjer du:

Ha alle ingrediensane unntatt smøret og egget i ein eltebolle, elt i 15min på sakte fart til deigen slepp eltebollen.
Tilset smør i små terningar.
Elt deigen til den slepp kantane på bollen og alt smøret er elta godt inn, ca 15 min.
Legg deigen i ein egna bolle, dekk med plast og la den heva til dobbel størrelse.(2-3timar)
Del deigen i emner på ca 100 gram, form til små bollar og set dei på eit melet underlag.
Dekk med plast og la dei heva i ca 1 time i romtemperatur.
Så stikk du fingrane ned i kvar bolle, strekk forsiktig slik at du lager ei fordjupning, samtidig som du strekk bollane i i ei litt avlang form. Tenk deg at dei skal sjå ut som små gummibåtar.
Legg bollane på eit steikebrett med bakepapir. Set dei så tett at dei nesten vil heva saman, dekk med plastfolie, og set til heving i ein halv time.
Strekk fordjupningane ein gong til, og fyll med sukker-og smørblandinga. Ca 25 gram i kvar.
La bollane heva til dobbe størrelse, pensl med sammenvispa egg, og steik dei gyldne ved ca 175 grader i 15-20 min.

 

Brunsvidde 2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*