Pho

Pho

IMG_1025

Pho suppe er ein rett eg har hatt på lista mi i ganske lang tid. Eg er i overkant glad i supper, og Pho suppe er ei herlig aromatisk suppe full av smak. Grunnen til at det har tatt så lang tid er nok ein smule latskap. Skal du laga skikkelig Pho er ingrediens lista ganska lang, og prossessen tar si tid. Så derfor blei eg superglad når eg fant denne juksevarianten frå Lise Finckenhagen, perfekt! Eg valgte å erstatta risnudlene med eggnudler, og hadde ein god del fersk koriander oppi suppa.

Pho suppe stammer frå Vietnam og er ein av grunnpilarane i det vietnamesiske kjøkkenet. I Vietnam finnes det eit hav av forskjellige Pho supper, der kvar region og kvar familie har sin egen Pho. Det essensielle er at ein må koka sin egen kraft, at suppa må vera fersk og at ein må finna ein balanse mellom syrlig, sterkt, surt og søtt.

Sjølv om denne oppskrifta tar nokre kraftige snarvegar og ikkje er ei ekte Pho suppe, smakar den fortreffelig. Neste gong skal eg rulla opp ermene og laga skikkelig Pho. Fram til den tid kosar eg meg med juksevarianten.
4 pers

2 liter oksekraft
3 stk stjerneanis
5 stk nellik
1 stk kanelstang
1 ss brunt sukker
5 ss fiskesaus
1 stk lauk
2 cm ingefær
1 stk raud chili
250 gram Pak Choy
50 gram bønneskudd
2 stk vårlauk
400 gram biff
200 gram risnudler
Mynte
Basilikum

Slik gjer du
1. 1. Hell krafta i en kjele og tilsett stjerneanis, nellik, kanel, sukker, fiskesaus, løk i tynne skiver og finsnittet ingefær og chili. Kok opp og la buljongen småkoka i 15 minutter.
2. 2. Rens og del pak choy i grove bitar. Finsnitt vårlauken og skjær biffen i tynne skiver på tvers av fibrene i kjøttet.
3. Ha risnudlene over i krafta og la det koka i eit minutt. Tilsett pak choy og la det småkoka i ett minutt til. Tilsett kjøttet rett før servering og topp suppa med vårlauk, bønneskudd og friske urter.

IMG_1026 IMG_1027

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*