Sjokoladeboller

Sjokoladeboller

 

Sjokoladeboller

Lun og fersk gjærbakst er noko av det beste eg veit, og skillingsboller saman med brunsvidd er nok min favoritt. Nokon gonger sløyfer eg kanel, og brukar heller berre grovhakka sjokolade som eg drysser oppå deigen, og tvinner bollana til sjokoladeknuter. Her delar eg både oppskrift på skillingsboller og sjokoladeboller, eller knuter om du vil.

Skillingsbollar Oppskrift
• 100 gram smør
• 5 dl melk
• 1 pakke gjær
• 1ts kardemomme
• 1 dl sukker
• 750 gram kveitemjøl
• Sukker & Kanel
1. Smelt smøret, og varm opp melka til 37 grader.
2. Hell smøret oppi melka, og sjekk at blandinga ikkje er for varm.
3. Hell over smør og mjølk blandinga i ein bolle og tilset gjær. Visp inn gjæren
4. Ha i sukker og kardemomme og visp inn.
5. Hell oppi litt og litt kveitemjøl mens du vispar. Bruk god tid. Når deigen blir passe klissete legg eg frå meg vispen og bruker hendene.
6. Avslutt når du har fått ein fast og fin deig. Kna for harde livet!
7. La deigen stå til heving i 45-60min.
8. Når deigen er ferdig og heva knar du deigen enda meir.
9. Kjevle ut deigen og pensle på eit tynt lag med smør. Visst ein har for mykje smør blir bollane harde i ringane, og det vil me ikkje. Så ikkje overdriv med smøret.
10. Så drysser ein sukker og kanel over. Ikkje sjener deg, hell på.
11. Rull lefsa til ei stor pølse. Trykk mens du ruller slik at du ikkje får “lause” ringer.
12. Etterhev bollane i 30-45 min. Strø over brunt perlesukker.
13. Steik dei på 225grader i 8-12 min.
14. Når eg lager desse bollane, doblar eg oppskrifta. Sidan bollane mine er ein smule svære(!), skrur eg ned temperaturen til 200 grader og steiker dei i 15-20 min!

Sjokoladesnurrar med sjokolade
(Same grunnoppskrift som på skillingsbollane)
1.Kjevle ut deigen til eit rektangel og pensle på smør. Dryss på sukker.
2.Dekk halve rektangelet med hakka sjokolade.( Eg foretrekker å bruka Dronningsjokolade. Bruk så mykje eller så lite sjokolade som du ønsker)
3.Brett den sida som ikkje er sjokoladefyll på over “sjokoladesida”. Kjevl lett over.
4. Skjær deigen opp i strimlar, og tvinn.
5. Så formar du til bollar.
6. Steik bollane på 225 grader i 10-15min

Sjokoladeboller2

Sjokoladeboller3

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*