Pasta med Hummer

Pasta med Hummer

Hummerpasta 3

 (Matspalte Publisert i avisa Strilen 17 Juni)

Hadde ikkje tenkt å dela endå ein pastarett, men denne retten blei så god at den rett og slett må delast. Sharing is caring – syns eg i hvert fall. Det byrja med at eg ramla over ferdigkokt hummer på butikken, og berre kjente at den måtte vera med meg heim. Pastadeigen blei satt og hummaren blei satt til tining.
Hummer er jo som kjent veldig dyrt, så her gjeldt det å få mest mulig ut av råvara. Eg syns jo krabbe er like godt bortsett frå ein ting – krafta du kan trylla fram med hjelp av ein hummer er det lite som kan måla seg med. Det smakar luksuriøst og fyldig, og kan trylla den kjedeligaste retten fram til noko skikkelig råflott.

Når du renskar hummeren gjer du slik: Legg hummeren på ryggen og del frå midten og ut mot halespissen. Del deretter frå midten og framover mot hovudet. Fjern magesekken og tarmen som ligg langs ryggen. Fjern også dei gråfarga gjellene. Rensk ut det kvite kjøttet. Knus også klørne og fisk ut alt av kjøt. Ta hummerkjøtet i ei skål, dekk med plast og set det i kjøleskapet.
Då er det på tide å koka kraft. Ha hummerskallet oppi ein kjele og dekk så vidt med vatn. La det småkoka i ein time. Sil så krafta og reduser den ytterligare. Slik fangar du alle dei gode smakane. Set krafta til sides. No er du klar til å trylla fram deilig hummerpasta. Oppskrifta blei litt til underveis, men den er heldigvis enkel og lett å gjenfortelja. Er du ikkje så glad i sterk mat kan du skippa chilien.
Hummerpasta
2 pers
1 ferdigkokt hummer + kraft
50 gram Smør
Graslauk, finhakka
2 fedd kvitlauk, finhakka
1 chili, finhakka
1 dl fløte
Vårlauk, finhakka
Spaghetti
Parmesan
Salt og pepper
1. Smelt smøret i ei panne, og fres kvitlauk, chili og vårlauk i eit lite minutt. Hell så oppi hummerkrafta og la det koka til blandinga er redusert litt. Kok spaghetti i mellomtida.
2. Ha så oppi fløte og masse finhakka graslauk.( Her kan ein gjerne ha ein liten splæsj med kvitvin oppi om ein har det på lur).
3. Bland så kokt spaghetti (silt og skikkelig avrent) med hummersausen.
4. Ha så i hummerkjøttet og bland alt skikkelig saman.
5. Server med masse graslauk, pepper, salt og nyrevet parmesan. Smakar himmelsk!

Hummerpasta 4

Hummerpasta

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*