Pasta med Kamskjell

Pasta med Kamskjell

DSC_0008

 (Matspalte Publisert i avisa Strilen 3 Juni)

Endelig kom sommaren, med alt det lune og fine som høyrer til. Deilige varme kvelder ute på altanen med reker og loff, eller blåskjell dampa i anten kvitvin eller øl,  med rykande fersk brød til. Eg har tvunge mannen min ut på altanen nesten kvar kveld, uansett temperatur. Her skal det nytast til me er blå på tærne, sommaren er så alt for kort. Og ikkje minst – ustabil.

 

Denne retten  kjem til å vera eit evig sommarminne. Eg og dottera mi på snart 2 år leikte ein ettermiddag at me var i deilige Italia. Mor drog med seg durumhvete, egg og kjevle ut på altenen og lille frøkna fekk lov til å laga sin aller første pastadeig. Eit egg knuste rett i platningen, durumhvete blei piska vegg imellom,  men me kom i mål tilslutt. Resultatet blei verdens tjukkaste spaghetti, men det gjorde absolutt ingenting. Gleden i dei små augene når me hang opp pastaen på to kleshengara var verdt alt ekstra arbeidet. Og eg visste at denne pastaen måtte brukast til noko ekstra godt. Og det er nettopp det denne retten er, ekstra god til ekstra gode sommerdager.

 

Vel bekomme!

DSC_0010

ca 4 pers

500 gram pasta (ukokt tørr)

200 gram smør

5 fedd kvitlauk, finhakka

1 raud chili, med frø, finhakka

2 dl kvitvin

1 bunt bladpersille, finhakka

Salt

ca 20 kamskjell

Pepper

Nøytral olje, feks rapsolje

Parmesan

 

  1. Varm litt olje i ei steikepanne og fres kvitlauk og chili. Vær forsiktig, kvitlauk brenn seg fort. Hell så i kvitvinen og la det koka opp. Tilset smør. Ha blandinga oppi ein bolle og set til sides.
  2. Då er det på tide å steika kamskjell. Eg gjer det slik som Geir Skeie anbefalar; Varm steikepanna med nøytral olje til det ryk. Legg i kamskjellbitane med langsida ned. Steik kamskjella til dei er gyldne og fine på den eine sida. Ha i smør og salt på skjella og skru varmen godt ned. Snu skjella litt rundt i smøret, og ta dei så ut av panna. 2 minutter er som regel nok.
  3. Når du har tatt ut kamskjella ut av panna heller du kvitvinsblandinga opp i panna igjen. Ha i nykokt pasta og bland godt saman. Rør inn masse nyrevet parmesan, pepper og bladpersille. Ha så i kamskjella i og server. Gjerne med eit ekstra dryss parmesan på toppen.

DSC_0013-2

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*