Syndig Brownies med Nutella

Syndig Brownies med Nutella

Brownies med Nutella

Jepp, du las riktig. Brownies med nutella. Eg klarte å gjera brownies endå meir usunt. Men hurra så godt!

Brownies med Nutella 2

6dl sukker

4egg

8ss kakao

3 dl kveitemjøl

3 ts vaniljesukker

1 knivsodd salt

200 gram smelta smør

Finhakka nøtter, feks hasselnøtter

1 boks Nutella

 

Brownies med nutella 3

  1. Start med å lag små toppar med nutella på eit bakepapir. Dette hiv du i frysen slik at det blir litt lettare å jobba med.
  2. Set omnen på 150 grader.
  3. Visp saman egg og sukker, og tilset resten av ingrediensane.
  4. Finn fram ei stor ildfast form og ha i bakepapir. Hell blandinga oppi formen.
  5. Etter ca 10 min kan du ta ut nutella toppane ut av frysen. Dytt dei ned i sjokoladeblandinga, og dekk over så godt det lar seg gjera med blandinga.
  6. Steik midt i omnen i ca 60 min.
  7. La kaka avkjøla seg litt og server den lunken. Nydelig godt!

Brownies med nutella 4

Brownies med nutella 5

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*