Bakt Fetaost

Bakt Fetaost

DSC_0019

Enkelte rettar står det rett og slett navnet mitt på. Akkurat som denne retten. Så jysla godt og enkelt. For ikkje å snakka om kosefaktoren – den går til himmels.

Me har definitivt produsert ein liten mini versjon av oss sjølv, frøkna vår ELSKER ost. Ho er ikkje fyllt 2 år ennå,  men her går blant anna både chevre og parmesan rett ned. Så denne middagen er poppis hos heile familien. Ost for alle penga.

DSC_0020

For å laga denne deilige retten treng du:

Tomater, knallraude og modne.

Cherrytomater

Kalamata Oliven

Fetaost

Raudlauk

Basilikum

Olivenolje

Pepper

Maldonsalt

Brød

DSC_0024

Slik gjer du:

1.Set omnen på 150 grader

2. Skjær tomatane opp i båter, og raudlauken opp i tynne skiver. Ha blandinga i ei ildfast form. Drypp over litt olivenolje, ha litt pepper og salt på og vend alt god saman.

3. Del fetaosten opp i store bitar og legg oppi den ildfaste formen over tomatane. Ha så i oliven, cherrytomater og basilikum. Drypp over litt meir olje, og ha på litt ekstra salt og pepper på toppen.

4. Set den ildfaste formen inn i omnen og la den stå i ca 30-40 min. Når du tar den jut av omnen kan den fint stå i ca 15 min før du serverar, då smakar alt så mykje betre.

5. Server med godt brød attåt.

 

 

DSC_0026

Mini er sjef over pepperet i heimen.

DSC_0028

 

DSC_0032

Eventuelle restar er supert å ha på lur visst du lagar tomatsuppe.

DSC_0036

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*