Sunne rundstykker med cottage cheese og havregryn

Sunne rundstykker med cottage cheese og havregryn

DSC_0015

Desse rundstykka blir laga mykje i kvardagen her i heimen. Lett som ein plett, og sunne og saftige.

4 egg

400 gram Cottage Cheese

400 gram Havregryn

2 ts bakepulver

  1. Ha egg, cottage cheese og bakepulver i ein bolle. Bruk ein stavmiksar og mos alt godt saman.
  2. Ha så i havregryn og bland godt.
  3. Form til rundstykker. Blandinga er litt klissete men det er slik den skal vera. Eg lagar 10 rundstykker av denne deigen.
  4. Steik i omnen på 200 grader i 15-20 min.

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*