Syrlig og søte Bringebærboller med kvit sjokolade

Syrlig og søte Bringebærboller med kvit sjokolade

Bringebærboller 2

Desse bollane…. akk og ve. Den søte kvite sjokoladen blanda ihop med dei syrlige bringebæra,  og den lune gjærbaksten er rett og slett den perfekte symbiose.

Bringebærboller:

  • 100 gram smør

  • 5 dl melk
  • 1 pakke gjær
  • 1ts kardemomme
  • 1 dl sukker
  • 750 gram kveitemjøl

Fyll:

  • 250 gram friske bringebær, most med ein gaffel
  • 200 gram kvit sjokolade, grovhakka
  • 150 gram mjukt smør
  • 1 dl sukker
  1. Smelt smøret, og varm opp melka til 37 grader.
  2. Hell smøret oppi melka, og sjekk at  blandinga ikkje er for varm.
  3. Hell over smør+melk i ein bolle og tilsett gjær. Visp inn gjæren
  4. Ha i sukker og kardemomme og visp inn.
  5. Hell oppi litt og litt kveitemjøl mens du visper. Når deigen blir passe klissete legg eg frå meg vispen og bruker henda
  6. Avslutt når du har fått ein fast og fin deig.
  7. La deigen stå til heving i 45-60min.
  8. Når deigen er ferdig elter du den på eit melet bakebord. Kjevle den ut til ein firkant.
  9. Fordel 150 gram mjukt smør over deigen.
  10. Strø over bringebær, sjokolade og sukker over deigen.
  11. Brett 1/3 av deigen inn mot midten på langsida, og brett den siste delen over den delen som er dobbel. Då får du tre lag.
  12. Kjevle ut dette slik at du har fått ein leiv på ca 30* 50. Del leiven opp i 16 strimler på tvers.
  13. Snurr strimlane saman til boller og legg dei på eit steikebrett. La bollane etterheva i ca 30 min.
  14. Pensle bollane med egg og steik midt i omnen på 200 grader i ca 15 min.

Bringebærboller

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*