Himmelske Appelsinruter

Himmelske Appelsinruter

Appelsinruter 2

Gode oppskrifter finn eg overalt. Slik som denne. Denne nydelige oppskrifta fann eg i stova til farmor i eit gammalt Hjemmet blad. Er du like glad i gjærbakst og appelsin som meg, må du prøva denne oppskrifta. Du berre må.

Appelsinruter

  • 300 gram smør

  • 5 dl melk

  • 50 gram gjær

  • 2 egg

  • 75 gram sukker

  • ca 750 gram kveitemjøl

Fyll

  • 200 gram smør

  • 3 appelsiner, saft og skall

  • 150 gram melis

  • 1 ts vaniljesukker

Pensling og pynt

  • 1 egg til pensling

  • 50 gram mandelflak

  • 3 ss melisglasur

  1. Smelt smør, ha i melk og varm til det er ca 37 grader. Rør gjæren ut i blandinga.

  2. Ha i egg, sukker og kveitemjøl og elt til deigen er luftig og ikkje klissete. Hev deigen på ein lun plass i ca 30 min.

  3. Mens deigen hever lagar du fyllet. Rør saman mjukt smør, finrevet skall og saft av appelsiner, melis og vaniljesukker.

  4. Kjevle deigen til eit stort rektangel. Smør på appelsinfyllet og rull saman frå langsida.

  5. Skjær rullen i 15-20 biter og set desse i ei langpanne. La rutene få heva i ca 30 min.

  6. Pensl på sammenvispa egg og dryss på mandelflak

  7. Steik på nederste del av omnen på 200 grader i ca 30 min.

  8. Ha på melisglasur før servering.

 

Appelsinruter

 

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*