Blåskjellsuppe

Blåskjellsuppe

Blåskjellsuppe

Deilig blåskjellsuppe som passar perfekt året rundt. Oppskrift frå Bent Stiansen.

1 ½ kg Blåskjel

2 ss Soyaolje

½ Hakka løk

3 fedd Kvitlauk

½ Sint chili

20g Ingefærrot

3 stk Sitrongras

2 dl Kvitvin

1 boks Kokosmelk

1 dl Fløte

5 ss Fiskesaus

½ Lime, safta av den

½ ss Maizena

1 bunt Vårløk

1 bunt Frisk koriander

Start med å vaske blåskjela. Ha dei i ein bolle med mykje vatn. Dei skjela som flyt opp, kastar du, likeins skjel som er knust. Ta vekk skjegget om det framleis sit på.

Grovhakk løk, kvitløk, chili, ingefær og sitrongras og fres i eit minutt i olja. Tilset skjel og kvitvin og set på eit lokk.

Kok opp, og la skjela dampe til dei opnar seg. Det tek vanlegvis to til tre minutt. Ta ut skjela og plukk ut innmaten. Kok krafta saman med kokosmelk og fløte og smak til med fiskesaus.

Smak vidare til med limesaft og jevn suppa med litt maizena utrørt i kaldt vatn. Sil suppa. Før servering tilsettast blåskjelinnmaten og finsnitta vårløk. Gjev suppa eit oppkok og dryss den med hakka frisk koriander.

Mange er redd for å eta blåskjel. Regel nr. 1 er at alle blåskjela du kjøper i butikken, er kontrollert og trygge å eta. Blåskjeltelefonen, 22 24 62 99, kan svara på om det er trygt å eta dei blåskjela som du nettopp har plukka. Ein anna regel er at skjel, som all anna sjømat, skal lukta friskt av hav. Luktar dei kloakk, kast dei!

Leave a Comment

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*